Opptur i Moorsele, Belgia

Eg må berre ha ei lita avklaring her. Bloggen har meir eller mindre gått i kvilemodus. Rett og slett fordi at eg havna så langt på etterskot etter turen til Frankrike og veka med besøk, at eg ikkje orka byrje på å oppsummere og ta att alt. I tillegg er eg ikkje så ofte i leiligheten på kveldstid lenger no som møblane er vekk, då er eg ofte til Lillian for å få vaska kle og ete middag. Så det har ikkje vore det heitl store her den siste tida, og kjem ikkje til å bli det meir heller. For dei som hr interesse av å vite meir kan eg endeleg fortelje det til når eg kjem heim. Og det er ikkje lenge att til eg er heime. I dag er det 12 dagar att til eg landar i Noreg. Kjenner det knyter seg i magen berre av å tenkje på det. eg kan snart telje ned på fingrane. Det knyter seg både av gleden over snart å få treffe alle dei gode menneska heime att, men og fordi eg ikkje vil reise frå alt her. Vert heilt trist av å tenkje på å måtte reise frå det her. Har vore utruleg heldig som har fått sjansen til å bli kjent med og treffe så mange gode mennesker og hestar. Uff, nei det her kan eg ikkej skrive meir om, eg vert heilt trist i heile meg..

 

Får heller skrive om noko langt hyggelegare. Anne Cecilie er i Belgia på stevne denne helga, og hittil har ho fått to av to mogelege førsteplassar. Eg er utruleg stolt over det ho og hesten Ballantine presterar. Dei har ridd inn fine prosentar, i dag til heile 72,333% Det er knallbra, og det vart jubel i stallen her når vi fekk telefon med oppdateringar. Så eg må gratulere så mykje hittil og kryssar fingrane for morgondagens kür.

Heia Norge (og spesielt Anne cecilie og Ballantine) seier berre eg!!

 

vi sjåast og snakkast snart - ja faktisk SNART!

Hestepassar på internasjonalt stevne i frankrike

Eg var på veg til å legge meg, men fann ut at dette innlegget må skrivast. No - eller aldri. Så då er eg i gong. vi reiste grytidleg onsdag morgon (grytidleg som i 5 tida på morgonen) og eg var ut å fora hestane i 4 tida. Alt var pakka og lasta dagen før så det var berre å få bandasjert hestane og sette dei inn på lastebilen. So bar det i veg. tre trøtte tryner, og to ivrige hestar. Det var ein lang tur, frå Tyskland, gjennom Belgia og fram til kysten av Frankrike. Vi var framme langt ut på ettermiddagen og anlegget vi kom til var kjempeflott! Vi fekk satt hestane på plass, og lasta av det utstyret som skulle av. So gjorde vi det som skulle gjerast med hestane, før Lillian Og Anne Cecilie reiste til hotellet med bagasjen sin. Dei sov på hotell medan eg sov i living delen i lastebilen, som stod parkert ved stallen. Det var veldig greitt, for då var det lett å hoppe ut av senga for å fore hestane på morgonkvisten. Veiret var upåklageleg, i alle fall på dagtid. sola skein og det var så varmt at vi sveitta i teskjorter og nokre drista seg til og med ut i kortbukser. Men på natta derimot, då kom det eit kuldeteppe med tåke å la seg over landet. Det var svinkaldt å stå opp om morgonane, men det var berre å komme seg i gong med å bære høynett og vassbøtter, pusse hest og møkke so steig temperaturen i kroppen rimeleg fort.


konkurransebane og avridingsbane for utandørs. gjekk parallellt klasser innandørs.
 

Torsdagen var det visning for veterinær, og vi stilte opp med begge hestane etter ein annan. Så eg leide ein hest og Lillian ein, men så bytta vi slik at ho viste begge for veterinæren medan eg skritta dei rundt inne i ringen. Skal seie det føltest stort ut å gå der i likt antrekk som bestod av kvite bukser, "team Norway" teskjorter, kvite hanskar og "team Norway" caps, leiande på flotte dressurhestar som gjekk der å glinsa om kapp i solsteika, med perfekte fletter i mana, som sat som perler på ei snor. Må nevnast at det ikkje var eg som fletta, for det kan eg faktisk ikkje. Men det var litt av ei oppleving. For dei som er med i gamet til vanleg så er dette nesten kvardagskost, men for meg opplevdest det som stort! Det å vere ein del av eit team, vere ein representant for landet, vere ein av dei som jobbar i kulissane, det er stas! Og å gå rundt i landslagsjakke, fordi du er med på teamet.


Det krevst eit godt team for kvar prestasjon. f.v. dagleg trenar Lillian, hest Hockey's son, rytter Anne Cecilie og landslagstrenar Marianne.

Hestepassaren set for anledningen bak kameraet på tribuna, for eit par minutt.

 

Dei neste tre påfølgande dagane var det konkurransar, søndagen var det kür (dressurridning til musikk, der ein lagar koreografien og set saman musikken sjølv) Laurdag var det lydtest, for å sjå til at alt var i orden. Eg har vore heldig og fått sett AC ri begge hestane kvar dag, med unntak av Hockey på søndagen. Då skulle hestane starte så tett i klassa at eg måtte gjere klar hest nr. 2 medan ho rei hest nr. 1. Dei gjorde ein god jobb alle saman, og eg sto på sidelinja å beundra det som vart framført inne i bana. Ein vert så stolt! Dei er flinke er dei! Resten av dei startande på stevnet fekk eg aldri tid til å sjå, det er utruleg kor fort tida går og kor mykje tid ein kan bruke på berre to hestar. Med tanke på at vi har mange mange flerie hestar å gjere på ein vanleg dag heime. Åsso skal ein jo ete litt sjølve innimellom, og vips so går dagane. Eg skal ikkje utdjupe det so veldig mykje meir, men for dei som er spesielt intresserte kan de finne innlegg med resultat dag for dag i nyhendearkivet på www.hestesport.no

 
Anne Cecilie og Hockey's son
Anne Cecilie og Ballantine




Premieutdeling

Eg var jo skeptisk på kor dette kom til å gå på førehand. eg har aldri vore på eit internasjonalt stemne på denne måten før og kjenner ikkje til systemet. Eg var usikker på om eg kom til å vere til mest hjelp eller plage, men det gjekk faktisk veldig greitt. Vi samarbeidde ganske godt, og det vart tilslutt ei oppleving som eg ser tilbake på med berre positive assosiasjonar. Med unntak av dei svinkalde morgontimane, men dei glattar vi lett over. Heimturen var laaaaang, og vi køyrde heile natta. Kom fram her halv 5 natt til mandag. trøtte som fy. Men vi heldt oss vakne på turen heim med å høyre på og ha allsang til nokre norske cd'ar på full guffe. Når vi då endeleg kom heim sette vi hestane rett i stallen før vi sjølve gjekk å la oss. Eg lista meg inn i leiligheten og greidd eå legge meg utan å vekke dei to besøkande frå Bergen som alt hadde flytta inn. Måndag sov vi ut og hadde ein ganske grei dag med trening av dei hestane som hadde vore att heime, leiing av dei som hadde vore på stevne, og opprydding av hengaren og lastebilen. Det har utvilsomt vore ei oppleving eg ikkje ville vore foruatan, og som eg seint vil gløyme. Er svært takksam for å ha fått muligheten til å ta del i det her. Førstkommande onsdag reiser dei i veg på nytt stevne. Denne gongen i Moorsele i Belgia, og med kun ein hest, Ballantine. Eg ønskjer dei masse lykke til, so skal vi gjere vårt for at ting skal gå sin gang her heime.

Forbetringspotensiale

Eg har vore ein særs dårleg bloggar den siste tida. Men dagane har verkeleg teke springfart og tida har flydd avgårde. Det har skjedd så utruleg mykje sidan førre ordentlege innlegg, at det har ikkje vore mogeleg å setje seg ned å oppsummere i eit kort innlegg. Og eg har ikkje tid til å skrive alt no heller, so om det nokon gong kjem eit ordentleg innlegg frå turen til frankrike veit eg ikkje om eg kan love dykk enda. For ein slik opplevelse vil eg skal beskrivast godt om eg først skal til å skrive om det. Viss ikkje kan eg like greitt vente til eg kjem heim og kan fortelje det i eigne ord. Eg fekk teke bittelitt bilder eine dagen, så eg har noko å dele med dykk. Dei skal eg publisere uansett. Eg får sjå det litt an om det vert tid ut på kveldstimane uti veka. Eg har jo då ikkje lenger møblar eller kjøkken her, so eg er sjeldan heime på kveldstid. Blir ofte med heim til Lillian for å ete middag der. I kveld er vi invitert på påskemiddag hos mora til Stephi, så det er grunnen til at eg ikkje får satt i gong med å skrive i kveld heller. Har fått bekreftelse på at bergensarane er i rute på veg heim, og det betyr at det første lasset mitt med bagasje snart stig i land i Bergen. Veldig greitt å få sendt i veg ein del utstyr, så vert det enklare å halde seg innanfor vektgrensa på heimvegen.

 

Det er i skrivande stund berre to og ei halv veke att til eg reiser, og eg byrjar å få litt kalde føtter. Eg har faktisk ikkje lyst heim heilt enda. Eg vil vere her LITT lenger! Men dagane går og det er ikkje noko eg kan gjere for å stoppe det. Så eg får berre henge med på lasset.  Og no er det like før eg vert henta, så det er best eg loggar ut. Og så skal eg gjere det eg kan for å vere flinkare her heretter.

Ha ei god påske!

still alive!

berre heilt kort oppdatering her. Vi e trygt "heime" etter ei fantastisk langhelg i Frankrike. Eg kjem med innlegg frå stevnet og opplevinga, men det må vente litt. Men kan røpe at eg må krype til korset og innrømme at Frankrike er fint! Og at eg tykte det var godt å komme tilbake til tyskland, for her forstår eg jo kva folk seier. rart hæ? Men forstår faktisk en del merkar eg, er ikkje lenger like gresk som fransk. Vel tilbake her so var leiligheten alt full av to bergensarar som skal vere her ei veke. Difor er det full rulle om dagane og lite tid til datasitting. Men i kveld er eg ikkje i form, og fryktar at dagen i morgon ikkje vert heilt på topp. so då kanskje eg rekk å blogge litt. I tillegg er ladaren til dataen begynt å få dårleg kontakt, so det er jo berre til å rope hurra for.. sukk.. Menmen, finn nok ei løysing på det. No er det nok, hovudet mitt seier takk for i dag.

nesten for gale

så eg måtte til å logge inn på nytt for å komme med nokre opplysningar ekstra. I dag er det 26. mars. 26. april er eg komt heim. = ein  månad att til eg er heime og kan sjå vakker vestlandsnatur att! Medan eg er vekke i Frankrike vil eg passere 70 dagar. dvs. det skjer i morgon. og betyr at det berre er 30 dagar att av totalt 100. på onsdag passerar eg 10 veker. Full kontroll! Når ein har alt forhåndspopptelt og notert i almanakken so har ein kontroll. So veit de det ! God natt!

au revoir!

eit aldri so lite forsøk på å forfriske franske som aldri eksisterte. Men no er altså tida komen. Tida for det siste innlegget. Det siste innlegget før avreise. For det er ikkje for godt, eg kjem tilbake! Men når eg er tilbake er enda litt uvisst, Vi er tilbake her Søndag/måndag seintseint, og eg må få tak i meir internett, so det er slett ikkje umogeleg at det fort går ei veke før eg er tilbake med updates.

 

No set eg i grunnen å tvangs held meg vaken for å vente på vaskemaskinga som skal vaske ferdig kleda mine. So må eg henge dei opp og setje på ei ny maskin. Håplaust når ein må sortere slik, vert jo 3 ulike vaskar, ull, bomull og syntet. Eg må jo vaske på kveldane for då er eg inne, og eg må vaske i siste liten for eg må ha kle til å gå med, har ikkej det utvalget akkurat. So i morgon lyt eg gå med rare kle her for ikkje å skitne til det som skal pakkast når det forhåpnetlegvis har tørka til i morgon kveld. eigentleg burde eg ha pakka i kveld, men det går jo ikkje sidan alt er til vask. Jaja, skal nok bli klar på eit vis. I morgon får vi mykje å gjere, og vi håpa rå få i orden hengaren slik at vi kan køyre lastebil med hestehengar. Vi må nesten det, skal vi få med oss to hestar, tre mennesker og alt som krevst av for, flis, utstyr til hestane, og bagasje til oss sjølve. Må vi ha berre bilen kjem det aldri til å gå bra. Men det får vi svar på i morgon. I dag har vi køyrt bilen på verkstad for å sjå om dei får orden på koplinga mellom bil og hengar. Og til verkstaden køyrde Lillian lastebilen og eg etter i personbilen. Så no har eg herved køyrt bil i Tyskland. skummelt? JA, ikkje so skummelt likavell? nei.. Det gjekk jo fint jo! Og eg er visst ansatt som kartlesar til onsdag, noko seier meg at dette ikkje kjem til å gå bra.. Men so lenge eg slepp å køyre bilen skal eg vere nøgd!

 

Nei, eg veit ikkej kva meir som er å seie, i morgon vert dagen fyllt av vasking, pakking, trening, pussing, møkking, leiing og heilt sikkert mykje, mykje anna. Eg anar at vaskemaskina er ferdig, og eg må stupe i seng for å få litt blund på auga. Onsdag reiser vi mellom halv 5 og 5 på morgonkvisten. så kjem vi fram og skal innstallere både folk og fe på plassen, torsdag er det vet. sjekk også er det konkurranse fredag, laurdag og søndag, og deretter heimreise utpå dagen på søndag. Det vert nok ei hektisk, men opplevelsesrik hending ! På gjensyn!

eventyrsjokkis

eg gjer eit lite forsøk på å vere flittig  å bloggen no, sidan det kjem til å bli stillstand når vi er reist på stevne. har gøymt å fortelje at på Fredag fekk eg pakke frå Hilde Marita! Kjempekoseleg! Det var ei litt sein bursdagsgåve som inneheldt ein god og deilig ull-buff samt ein eventyrsjokolade og eit kort. Ei glede i kvardagen!

 

Dagen i dag har vore nokså lik dagen i går, bortsett frå at eg måtte til å sjå på tv før eg åt frukost i dag tidleg. Måtte finne ein kanal der det stod klokkeslett slik at eg fann ut om mobilen stiller seg automatisk så den i tilfelle hadde blitt dobbeltstilt, men den var riktig. So då var det berre å setje i gong med nistesmøring og kaffidrikking før eg hoppa i ytterkleda og byrja arbeidsdagen. Søndag som alle andre dagar. Var litt rart å sjå sola stå opp igjenn. lenge sidan eg har sett det no. For før klokka vart stilt har eg aldri vore oppe tidleg nok til å sjå det. Er jo ikkje fjell i vegen så den står opp grytidleg.

 

Fekk sett noko uvanleg her, ein hest med vogn! Første gong det har blitt observert. Og Hockey tykte det såg særs mistenkjeleg ut og reagerte deretter. Heldigvis kom Stephi og tok han ut i paddock for meg. Slike rare syn må ein jo verkeleg vere litt skeptiske til, ikkje sant? Hadde nok besvimt om han hadde komt heim, der det er daglegdags.

 

Men no skal eg legge meg tidleg. vart jo tross alt ein time mindre med søvn i natt. Og jo fortare eg legg meg, dess fortare følest det som at i morgon kjem. og i morgon er det, i følge tala på kalendaren, berre ein månad att til eg er heime og stig av flyet på Bringeland. Kjekt å byrje litt nedteljing, følest ikkje ut som eg har vore vekke lenge i det heile teke, slik som det føltest sist. føltest som vi var i usa i ei evighet. Og likavel hadde vi det kjekkare der, det var jo eit eventyr det! Men det var då, og det var der, no er no, og no er eg her.

Je ne parle france

eller noko i den dur. hugsar fint lite av det vesle eg lærte i fransktimane  på ungdomsskulen. Eg skulle aldri til frankrike uansett, so kom aldri i verden til å få bruk for språket og gadd dermed ikkje legge ned det minste arbeid i å lære meg noko. Men der tok eg feil! Onsdag morgon trillar vi ut frå gardstunet før fuglane fis, alt og alle lasta inn i hestebilen med eit mål for auget, og det er stevne i Frankrike. Anne Cecilie skal starte to hestar der, og med to hestar til start i samme klasse greier dei ikkje gjere alt sjølv iom. begge er i bana samstundes. Difor er eg heldig og får vere med som hestepassar. Eg både gler og gruar meg. Det blir nok ei oppleving og noko eg kanskje aldri får vere med på igjenn, men på same tid so kjenner eg ikkje til systemet eller korleis ting vert gjort der. og i ein litt pressa situasjon kan ein liten feil få store følger. So eg reiser nok i veg med blanda kjensler, men eg har trua på at det vil bli ein triveleg tur i det store og heile! kameraet skal pakkast med og eg håpar å få knipsa litt bileter undervegs. sikkert ikkje av eigne startande for då er eg i arbeid, men kanskje av plassen og av andre ekvipasjar. Veit enda veldig lite om stevnet, og veit ikkje kva klasser som skal gå, so alt vert spennande! Anne Cecilie har vertfall ridd gjennom küren sin, og eg fekk gåsehud av å sjå på. utruleg stilig å ri til slik musikk!

 

Denne helga er det visst tid for å stille klokka. Vi skal inn i sommartid. enda eg føler vi alt er byrja på sommaren her. har jobba i knebukse og teskjorte i dag. hadde glatt brukt shorts hadde eg hatt det her, men eg pakka jo berre vinterkle då eg reiste. So slikt finst det fint lite av i den forholdsvis enkle garderoba mi her. Er ikkej mykje utvalg av kle akkurat. Og noko har eg alt pakka vekk i ein pakke så det skal vere klart til å reise heim saman med Rita. Ho kjem truleg samme dag som vi kjem att frå stevne, so eg reknar med at dei er her før oss. I tillegg so vert alle møblane henta neste helg, veldig greitt at vi er vekke då, so slepp eg leve i rotet. Håpar dei ryddar etter seg. dvs. eg har fortsatt alle møblane her. Og nye vert nok ikkje sett inn iom. eg ikkje skal vere her særleg mykje lenger. skal heller vere med Lillian oftare heim og ete middag der og slikt. åsso er der kjøkken i rytterstua, so det her skal vi klare å ordne ganske greitt.

 

Har vore på butikken i dag å handla bittelitt mat slika t eg har fram til onsdag. og det er litt artig å innsjå at ein faktisk kan handle slik og ingen merkar at du er utlending. so lenge ein kan dei vanlege hei og hade glosene veit dei jo ikkje at eg ikkje kan tysk. Går fint heilt til dei i nokre butikkar spør om eg vil ha kvittering, då dett eg av lasset. Menmen. litt bein og armar og litt norskengelsktysk so går det meste om ein berre vil!

 

Men no må eg legge meg, må tenkje på at natta blir ein time kortare i natt. God natt godtfolk!

Eg har blitt omdøypt

I dag har eg hatt FRI med store bokstavar! Byrja dagen med å vakne tidleg, men låg ei evighet på trass. Sto til slutt opp, t fruksot, hopp ai dusjen, satte på klesvask, støvsuga leiligheta, reiste til Køln! heilt aleine. Med togskrekk. Kom meg på toget, kom meg av på rett plass, fann ein turistinformasjon, bestemte meg for å reise til ein zoo, tok undergrunnsbana dit, overlevde det og faktisk, kom fram, hadde mange timar der, i steiksol og rann nesten vekk i berre singlett, byrja få litt hauideverk so reiste tilbake til køln, gjekk litt rundt i gatene rundt togterminalen (torde ikkje gå langt vekk i frykt for ikkje å finne tilbake) var inn i den store domkirka som var svær! Handla fint lite, eit hårband og ein shortsepysj. Sette meg ned på starbucks og drakk ein nyydeleg kaffi mocha medan eg venta på at tida skulle gå. Brann meg på tunga, og vart omdøypt. Fann fram til riktig perrong, venta p riktig tog, sette meg på toget og reiste tilbake til Bergheim der Kerstin henta meg. Vi for i stallen hennar for å gjere ferdig hestane der før ho køyrde meg tilbake. Eg er stuptrøytt og har litt hovudverk so difor vert det superkort blogg i dag. Må legge meg så eg har noko å gå på i morgon når det er tilbake til jobben. Kom heim litt over 8, so har vore ein lang dag. Legg ved litt bileter so de kan få ein smakebit av dagen:

 

Heilt aleine har eg surra rundt i storbyen, litt kjekt med noko heilt anna enn hest og jobb, men nok med ein dag, er jammen travelt nok!


enorme kirka. So stor at eg ikkej greidde gå lagt nok unna til å få med alt på bilde, so derfor får de kun sjå toppen. bilder kan de sikkert finne på google, er vert ein kikk! kanskje kirka heite kølnadomen eller noko i den dur?

her er grunnen til at eg er omdøypt. eg bestiller kaffi, mannen lurer p kva eg heiter så dei kan rope opp navnet når den er klar, eg seier hege, han skjønnar ikkej kva eg seier, eg stavar det p engelsk, og vips heiter eg giti. Here you are Giti seier han andre mannen som serverar.

blomane blømer heime på garden

i zoo'en

raaare dyr....



utruleg fin park eigentleg!




 

 

back in business

Då har eg glimra med mitt fråvær, men det har sine årsaker og det var eit usamarbeidsvillegg nettverk. Men i dag er det i litt betre humør og fungerar rett som det skal! Her er fantastisk å vere for tida. Ja, lange dagar, men ikkje fullt like stressande dagar lenger, og eit strålande veir! Alt det den sola kan hjelpe på altså! Og slik skal det fortsetje å vere so langt storm.no viser på langtidsvarselet sitt. I dag har vi til og med vore å ridd på tur med Weltnie og Ballantine. heile 3 tog greidde å passere på den tida vi rei langs togskinnene. tydeleg at dei går med ujamne mellomrom når eg til tider har stått i ti min. å venta for å få teke bilete av det. Men hestane var overraskande rolege og brydde seg ikkje stort med det faktisk. So det vart ein riktig fin tur, og eg holdt på å renne vekk der eg rei med ullgensar og boblejakke. Tida for å pakke vekk vinterkleda er visst komen. Men på morgonane er det ofte ganske kaldt. Har i alle fall eit lite håp om at eg kan få sendt heim ein heil del ting med dei som kjem å hentar hest. so får eg litt mindre bagasje å drasse med på flyet, og treng ikkje vere nervøs for vektproblem.

 

Ellers so er dagane rolegare som sagt fordi Lillian ikkje er vekke på jobb for tida. So då har vi stort sett heile dagen her. I morgon blir det sikkert litt tilbake til gamle takter for då er ho vekke å underviser midt på dag. Men ein stressdag går fint, for på Torsdag skal eg få friiii. og det er berre heilt fantastisk å kunne få fri når det er slikt eit herleg veir! DÅ skal eg få teke nye bilete til å pynte opp her med. Skal kanskje ein aldri so liten tur til Köln, men det er ikkje heilt sikkert enda.

 

I morgon er det berre ei veke til Lillian og Anne Cecilie reiser i veg til Frankrike på stevne. So eg vil tru at byrjinga på neste veke blir rimeleg fullbooka og mykje som skal gjerast! Dei har ikkje reist på stevne anna enn til Spania sidan eg kom, so eg har ikkje trening i å pakke å hjelpe til slik, så treng intruksar for kva som skal gjerast. Men før har dei klart det aleine og eg trur då ikkje eg skal bli ei hindring, får gjere mitt beste! Det vanlege utstyret har dei alltid liggande i bilen, slik at det er klart der, so er ikkje absolutt alt som må pakkast inn heldigvis.

 

Må avslutte med å gratulere mi beste besta med dagen! Hadde ein aldri so liten telefonsamtale heimover, i pausa idag. Var so fint å sitje å sole seg i solveggen å høyre stemma til besta medan auga ser på hestar som trenar dressur på utebana. Det er ganske så ok + å vere meg for tid. Føler meg på rett plass til rett tid. So kan de berre kose dykk heime i all snøven.

 

Godnatt!

Les mer i arkivet » April 2012 » Mars 2012 » Februar 2012
hegehestepassar

hegehestepassar

20, Eid

Her kjem litt om det som skjer under opphaldet mitt i Tyskland, der eg skal jobbe med hest.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

hits